onsdag 10. mars 2010

Netvibes - til nytte eller berre eit arbeidskrav?


I starten på IKT-studiet, modul 3, fekk vi presentert Internett programmet Netvibes. Må ærleg innrømme at eg i starten tenkte at "Ja, ja. Eg skal prøve å lage meg ei side inndelt i faner slik at eg står på oppgåva. Trur neppe eg kjem til å bruke den utover det".

Men i dag har eg faktisk endra meining. Då eg gjekk eg inn for å redigere litt på den offentlege sida mi, så las eg litt på oppdateringane som låg der. Fann då ut at Udir.no har presentert nye kartleggingsprøver for hausten 2010 på VG1, blant anna leseprøver. Som norsklærar i vidaregåande er dette svært nyttig informasjon! Når hadde eg fått vite om dette utan Netvibes?
Ser no at dette er eit nttig verktøy for dei som vil halde seg oppdaterte, uansett kva tema ein vel å oppdatere seg i. Dagens Eureka!

Dessverre kom nedturen når eg skulle laste opp brukarrettleiingsvideo til Netvibes.... Difor berre ei lenkje.

4 kommentarer:

  1. Eg kjenner meg igjen i tankane du gjorde deg i startfasen. At eg hadde tekniske problem som gjorde at eg datt av lasset ganske fort, gjorde det ikkje nemneverdig betre. Etterkvart som som ein blir meir og meir avhengig av nettet, trur eg netvibes eller liknande tenester kan vere nyttige.

    Det hender av og til at eg ryddar opp på maskina mi, og oppdagar at eg har sider både i
    "favorittar" og andre stader som eg heilt har gløymt eg har brukt. Dette blir nok verre etter kvart, og ein vil kanskje ikkje få auge på skogen for berre tre. Derfor er det ganske praktisk med netvibes, viss ein greier å legge inn berre dei sidene ein treng. Det kan kanskje bli til at ein legg litt for mange sider (det er nesten 190.000 widgets å velje mellom på netvibes-sida).

    Eit lite tips til slutt: Det er mulig å legge inn RSS-feedar slik at dei kjem opp på opningssida di i fronter. Eg har t.d. Firda sin RSS på mi opningsside. Då får ein ofte spontane diskusjonar når eg er inn på fronter og brukar prosjektoren (kan sjølvsagt også vere forstyrrande). Men det kan kan vere ein god idé å legge inn den aller viktigaste sida der, t.d. Udir sin RSS. Då vil ein bli oppdatert bortimot dagleg - av og til fleire gonger for dagen.

    SvarSlett
  2. Største utfordringa med netvibes for meg har vore å finne sider som er RSS merka, mange av dei faglige nettsidene eg brukar har ikkje denne merkinga. Verken Sogn og fjordane fylkeskomune eller Øyrane vidaregåande skule er RSS merka. Skal netvibes vere tidsbesparande bør fleire sider bli RSS merka, her er ein jobb og gjere!

    SvarSlett
  3. Netviben har også bydd på problemer for meg. Det gikk så utrolig fint å opprette en netvibe og legge inn stoff, syntes jeg. Problemet var bare at jeg ikke hadde ordnet den med faner. Da var de på an` igjen... Syntes den fungerte merkelig siden det ble like mange sider som faner! Brukte mye energi og arbeid i helgen på å oppdatere meg på Youtube og andre nettsteder om netvibe. Først etter å ha konferert med Jill forstod jeg at den skulle være slik. Fagnettverket fungerer, men det er også bra å snakke sammen på "gamlemåten", ikke bare på nettet!

    Ellers er jeg og begeistret for netviben, den kan nok fungere ypperlig som en startside.Godt med noen Eukera opplevelser, Gørild!

    SvarSlett
  4. Om Netvibes har eg lært at det går an å kopiere frå ei side til ei anna. Det gjorde det mykje enklare for meg å opprette ei offentleg side etter at eg først hadde laga ei privat.

    SvarSlett