onsdag 14. april 2010

Bruk av sosiale medium i undervisning

I samband med IKT - studiet har vi fått i oppgåve å planlegge eit undervisningsopplegg der elevane skal bruke eit digitalt sosialt medium. Eg har valt å ta utgangspunkt i eit sikkert velkjent opplegg som elevar tidlegare har skrive manuelt. Dette vil eg no sjå om det lar seg gjere å gjennomføre på data. Fint viss du har tid til å lese gjennom opplegget og evt kome med tips om forbetringar!

PLANLEGGINGSDOKUMENT FOR UNDERVISNINGSOPPLEGG MED BRUK AV SOSIALE MEDIUM


Kommentar:

I dette plandokumentet skal eg lage eit undervisningsopplegg som passar på ulike nivå i både engelsk og norsk. I mine døme vil eg ta utgangspunkt i norskfaget, men eg tar med kompetansemål frå både norsk og engelsk for å vise at det vil fungere i begge fag. Kompetansemåla er frå læreplanen slik den ligg føre no før dei nye høyringsutkasta evt vert vedtatt.


Klassetrinn: VG1 og VG2 Yrkesfaglege studieretningar

Tid: 1 undervisningsøkt (90 min.)
Utstyr: VG1: alle elevar har berbar PC med Internettilgang

VG2 datarom på skulen med nettilgang (hausten 2010 vil alle VG2 og ha berbar PC)

Kompetansemål:

Norsk:

”Skriftlige tekster:

• bruke et bredt register av språklige virkemidler i egen skriving, i skjønnlitteratur og sakprosa, på bokmål og nynorsk

• skrive tekster i ulike kreative sjangere

• bruke datateknologien til å arkivere og systematisere tekster”

(http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=1001576&visning=5&sortering=2&kmsid=1001585, 12.04.10)

Engelsk:

”Språklæring

• bruke et bredt utvalg digitale og andre hjelpemidler, inkludert ettspråklige ordbøker, på en selvstendig måte

Kommunikasjon

• bruke språkets formverk og tekststrukturer i skriftlige og muntlige framstillingar

• uttrykke seg skriftlig og muntlig på en nyansert og situasjonstilpasset måte, med flyt, presisjon og sammenheng

• velge hensiktsmessige lytte-, tale-, lese- og skrivestrategier tilpasset formål, situasjon og sjanger

• skrive formelle og uformelle tekster med god struktur og sammenheng om personlige, tverrfaglige og samfunnsmessige temaer

• produsere tekster med sammensatt innhold i digitale medier”

(http://www.udir.no/grep/Lareplan/?laereplanid=122422&visning=5&sortering=2&kmsid=122430, 12.04.10)

Fagleg innhald (ressursar: bok, nett):
Denne oppgåva baserer seg på at elevane har ein bakgrunn i å vite kva ein fiktiv tekst er, og dei skal kunne fleire ulike språklege verkemiddel og kunne bruke desse i tekst. Bok: Signatur 1 og 2 (lærebok i norsk), ndla.no med tema språklege verkemiddel.

Undervisnings- og arbeidsmetodar:
Opplegg:
Klassen vert delt i grupper à 4-5 elevar. Kvar elev skal bruke det tekstbehandlingsprogrammet på internett som lærar har gitt beskjed om. (Kva program som skal brukast vil kome i konklusjonen i skriveoppgåva kring dette opplegget.)

I fronter vil elevane finne skriveoppgåva. Døme på oppgåve i norsk:

”Sjøen ligg spegelblank, og over heile hamna kan ein høyre lyden av måseskrik. Fiskebåtane er på veg mot land, og nokre turistar hoiar og skrik i ei jolle.

Skriv ei novelle/forteljing som startar med sitatet over. Du skal bruke fleire ulike språklege verkemiddel i skrivinga di i dei ulike tekstane du er med på å lage."

For å avgrense kor langt/mykje kvar elev skriv, skal lærar ta tida og gi beksjed når elevane skal bytte til neste tekst. Ein kan berekne ca 2 min på skriving pr runde. Etterkvart som elevane har skrive ein del, må det leggjast til tid pr runde til å lese gjennom teksten før dei kan skrive vidare på den.

Lærar avgjer når skriveoppgåva skal avsluttast og gir klassen beskjed når dei må skrive avslutning på den teksten dei skriv på.

Vurdering:

Denne skriveøvinga vil ikkje få vurdering med karakter. Meininga er at elevane skal øve seg i å få bruke noko av det dei har lært om sjangerkrav og språklege verkemiddel. Av erfaring veit eg at den manuelle varianten kan resultere i morosame og svært kreative tekstar. Ein merkar fort kven som klarer å lage ein samanhengande tekst og kven som slit med å skrive under tidspress.

Elev - lærerforutsetning:

Elevforutsetning:
Vite sjangerkrava til novelle og forteljing.
Kunne bruke fleire ulike språklege verkemiddel, t.d. metafor, samanlikning, allusjon, adjektiv (positive og negativt ladde ord)

Lærarforutsetning:

Gått gjennom sjangerkrav til novelle/forteljing i klassen.
Gått gjennom språklege verkemiddel.
Vist elvane korleis det sosiale mediet fungerer og sjekka at dei beherskar det før skriveøvinga startar. Sjølvsagt må lærar kunne dette før elevane set i gang.

mandag 15. mars 2010

"Oppdrag utført"

Veit ikkje heilt om eg skal puste letta ut eller bite negler no når eg skal avslutte dette arbeidskravet. Det har vore veldig spennande å blogge (fint, nytt verb) samstundes som det har vore litt skummelt. Med tanke på at alt ein skriv kan i prinsippet lesast av alle som har tilgang til Internett, må eg seie at prestasjonsangsten meldte seg.

Arbeidet med Netvibes tykte eg verka svært unødvendig til eg fekk mitt Eureka. Dette er absolutt eit verktøy eg vil bruke framover.

Eg har valt å skrive om sider ved bruk av IKT i undervisning og sosiale medium som opptar meg. Ser at mange av mine medstudentar har vore flinke til å nytte nettet til å finne ulike fagbloggar og anna relevant stoff. Eg har gått meir i tenkeboksen og valt å sjå på ulike utfordringar når det gjeld sosiale medium og bruk av IKT i undervisninga.

I dette arbeidet har eg kommentert nokre av bloggane til mine medstudentar, bla Jill, Stig, Torun og Magne.

Blogg som skriveverktøy i undervisning

Å skrive om bruk av sosiale, digitale medium har vore ei STOR utfordring. Til no har eg sett på Facebook, MSN, Nettby o.l. som reine tidstjuvar og forstyrrande element i undervisninga. Korleis kan eg då snu mi haldning og lage undervisningsopplegg der desse media kan vere nyttige?

Viss du no hadde eit håp om at eg skulle gi deg svaret, må eg dessverre skuffe deg. Eg har ikkje kome lenger, dagen før innlevering av oppgåva. Har tidlegare fått demonstrert opplegg der lærarar har nytta Facebook  kor dei har oppretta kontoar med namn på karakterar i litterære verk. Då har elevane fått kvar sin karakter dei skal vere, og fortel historia i t.d. ein roman ved hjelp av små innlegg som karakteriserer handlingsforløpet. Ser for meg at slike opplegg vil stele mykje tid, så med eit to-timersfag må eg finne på noko anna.

Blogg er det einaste sosiale mediumet eg ser på som noko eg kan nytte i mi undervisning så langt. Blogg kan nyttast til t.d. korte skriveøvingar om eit emne, skrive lesarinnlegg, og som logg frå praskis. Då vert det enklare for medelevar å gi respons og bruke dette i prosess orientert skriving. Her er det svært viktig å kvalitetssikre det elevane skriv. Difor vil eg opprette lukka bloggar som berre kan lesast av t.d. klassen og meg som lærar. Kvifor?

Mine grunnar for å lukke elevblogg:
1) Hindre at bloggar som inneheld faglege feil ikkje vert tilgjengeleg for alle.
2) Hindre at elevar med skrivevanskar ikkje skal blottlegge sine vanskar for heile verda og dermed verne dei mot eventuelle ufine kommentarar frå kjente/ukjente.
3) Enkelte elevar vil sjå på dette som eit høve til å vere svært useriøse og legge inn upassande bilde, videoar o.l. som korkje elevane eller skulen bør verte kopla til.
4) Mange elevar slit med å la lærar lese det dei skriv, så då må dei få sleppe å publisere tekstar som kven som helst kan lese.
5) Verne om teieplikta

No vil du kanskje seie at mange er allereie der når fleire og fleire ungdomar skriv eigne bloggar, legg ut profilar på Internett, publiserer meir eller mindre gode videoar osv.

Ja, det kan dei få gjere i privat regi. Der har ikkje vi lærarar noko vi skulle ha sagt. Men eg meiner vi har plikt til å verne dei mot "blottlegging" i skulen sin regi. Om ikkje elevane kjenner sine grenser privat, må vi passe på dei når det gjeld skulearbeid. I tillegg kan dette ha påverknad for skulen sitt rykte viss alt mogleg vert lagt ut. Sjølv om vi kan sjekke kva elevane har skrive på bloggane og evt slettar det som er upassande, kan skaden allereie ha skjedd sidan elevane må trykke "Publiser innlegg" før vi kan lese dei.
Fleire av mine kollega har snakka varmt om å bruke blogg som logg når elevane er utplasserte i bedrifter. Det tykte eg og var ein god ide, men her må vi vere varsame. Med offentlege bloggar som logg vil ikkje berre elvane og skulen verte blottlagde, men og bedriftene elevane jobbar i. Elevane skriv om dei erfaringane dei gjer seg, på både godt og vondt.

Mange elevar er utplassert i institusjonar som har eit regelverk som innbefattar teieplikt. Sjølv om elevane aldri skal nemne namn på brukarar, pasientar eller kundar i loggane sine, kan det gå an å kople hendingar som vert referert i bloggane til enkeltpersonar på små plassar.

Alle desse momenta meiner eg talar for at ja, vi kan bruke logg i undervisninga, men det bør absolutt vere lukka bloggar med eit fåtal som har tilgang.

onsdag 10. mars 2010

Netvibes - til nytte eller berre eit arbeidskrav?


I starten på IKT-studiet, modul 3, fekk vi presentert Internett programmet Netvibes. Må ærleg innrømme at eg i starten tenkte at "Ja, ja. Eg skal prøve å lage meg ei side inndelt i faner slik at eg står på oppgåva. Trur neppe eg kjem til å bruke den utover det".

Men i dag har eg faktisk endra meining. Då eg gjekk eg inn for å redigere litt på den offentlege sida mi, så las eg litt på oppdateringane som låg der. Fann då ut at Udir.no har presentert nye kartleggingsprøver for hausten 2010 på VG1, blant anna leseprøver. Som norsklærar i vidaregåande er dette svært nyttig informasjon! Når hadde eg fått vite om dette utan Netvibes?
Ser no at dette er eit nttig verktøy for dei som vil halde seg oppdaterte, uansett kva tema ein vel å oppdatere seg i. Dagens Eureka!

Dessverre kom nedturen når eg skulle laste opp brukarrettleiingsvideo til Netvibes.... Difor berre ei lenkje.

onsdag 3. mars 2010

Tramteateret - framsynt?



Hugsar du seriane til Tramteateret med Pelle Parafins Bøljeband som var ein del av 1/2 sju på 1980-talet? Eine serien heiter "Automatspøkelsene" og handlar om den store skurken Audun Automat som ville innføre speleautomatar overalt, t.o.m i kjellaren til Pelle sitt band. Eine klippet i denne serien som har festa seg i bakhovudet, er scena med elevar i eit klasserom som sit i kvar sin bås med kvar si datamaskin. Dei har ingan lærar til stades i klasserommet, men kommuniserer med han via datamaskina. Dette var rein science fiction på den tida på lik linje med Star Wars og vi himla med auga over at ein i det heile kunne tenkje seg til at elevar kunne lære noko utan å ha ein lærar fysisk til stades.



I dag er ikkje dette lenger utopi sidan vi har teknikken til å gjennomføre eit slikt opplegg. Elevane treng slett ikkje å sitje i eit klasserom for å kommunisere heller. Om dei sit åleine på hybelen sin, er på syden-ferie eller er innlagt på sjukehus, kan dei kommunisere med medelevar og lærarar via ulike sosiale medium som Facebook, Nettby, MSN osv. Dei fleste skulane har og LMS som t.d. Class Fronter og It's learning som verktøy for å formidle informasjon og gi beksjedar til elevane sine og tilsette. Dette er lukka system der ein må vere deltakar for å nytte. Kva for funksjonar ein nyttar i desse systema avheng av kva skulane abonnerer på utover nokre basisfunksjonar.


I tillegg har ein mange ulike program i Web 2.0 som kan nyttast i opplæringa. Ved å opprette ein Wiki kan elevane jobbe saman frå kvar sin PC på dei same dokumenta i t.d eit gruppearbeid. For å tipse kvarandre om nyttige nettstader innanfor eit tema dei jobbar med, kan dei opprette ei Diigo-side kor dei merker visse nettstader andre i gruppa kan ha nytte av. Lærar kan gå inn og sjekke arbeidet som pågår og evt kommentere undervegs via Web 2.0. Sånn sett treng ikkje elevar og lærar å vere i same rom men likevel kommunisere med kvarandre.


Då er ein komen langt på veg til å få det klasserommet Tramteateret framstilte som eit skrekkens eksempel på 80-talet. Spørsmålet er om vi vil ha dette digitale klasserommet utan ansikt-til-ansikt kommunikasjon. I den idealistiske skuleverda kan dette vere ein bra skule der mange elevar kan få eit godt læringsutbytte. Men, eg vil påstå at røyndomen slett ikkje er slik i dag at vi kan la dette skje fullt ut.


Dei utfordringane vi står overfor når det gjeld auka bruk av digitale verktøy i dag, er å få felles fokus i klasserommet. Med berbare maskiner på alle pultar og aktive skjermar, konkurrerer vi lærarar om å få elevane si merksemd med uendelege avleiingsmanøvrar som lokkar på Internett. Største konkurrenten eg har avslørt til no, er sosiale medium med Facebook i spissen.


Når eg skal gå gjennom teori, vil eg ha augekontakt med alle elevane. Har dei PC -skjermane oppe, får eg ikkje denne kontakten. Ofte tar det og lang tid før alle har lagt ned skjermane når eg har bedt dei om det. Forklaringa er "Eg må berre...." Dette vert fort ein tidstjuv i ein allereie pressa skulekvardag i eit fag med få veketimar og omfattande læreplan.



Dette viser at elevar i vidaregåande skule pr i dag ikkje er modne nok til å styre si eiga undervisningstid. Faren for at elevane ikkje har fokus på fag og skulerelaterte tema i eit klasserom utan ein lærar til stades, er svært stor. Dessutan er læraren ein viktig rettleiar som kan vere ein der-og-då-kommentator og kommunisere både verbalt med stemmebruk og non-verbalt. Mykje viktig tilbakemelding skjer "face to face" som ein ikkje får fram med skriftleg tilbakemelding via ein skjerm.



Dermed får klasserommet til Tramteateret framleis vere ein science fiction scenario. Personleg håpar eg at dette aldri vert ein realitet. Viss det skjer, er vel definisjonen at eit menneske er eit sosialt vesen, bytta ut med ein annan definisjon.




onsdag 10. februar 2010

Testing av ulike bloggverktøy

I studiet vårt, IKT i skulen, har vi fått utfordringa om å blogge om bruk av sosiale mediar i våre fag. Med støtte i kompetansemåla i læreplanen i norsk for VG2 yrkesfag er det i grunn ingen veg utanom viss ein skal halde seg oppdatert innan bruk av digitale verktøy. Når elevane skal bruke ulike digitale verktøy i elevpresentasjonar, er det svært nyttig at vi lærarar og kan litt om desse verktøya. Ein tradisjonell presentasjonsform som Power Point kan snart vere utdatert av t.d. Google docs og Wiki.















No har eg klart å leggje inn ein video om digitale nettverk.
No skal eg teste ut om eg kan leggje til bilde i innlegget mitt:




Jippi, det gjekk bra! Måtte riktignok hente det frå maskina og ikkje Internett.....




Då må eg jo berre prøve det og:






Etter litt om eg men fekk eg det til og. Bildet ville ikkje plassere seg der eg ville ha det, men eg fekk hjelp av forelesar. Ved å gå inn i "Rediger HTML" og klipte og limte koden for bildet, fekk eg flytta det. Hugs å lime inn i midten av hakeparantesen som kjem opp.