onsdag 3. mars 2010

Tramteateret - framsynt?



Hugsar du seriane til Tramteateret med Pelle Parafins Bøljeband som var ein del av 1/2 sju på 1980-talet? Eine serien heiter "Automatspøkelsene" og handlar om den store skurken Audun Automat som ville innføre speleautomatar overalt, t.o.m i kjellaren til Pelle sitt band. Eine klippet i denne serien som har festa seg i bakhovudet, er scena med elevar i eit klasserom som sit i kvar sin bås med kvar si datamaskin. Dei har ingan lærar til stades i klasserommet, men kommuniserer med han via datamaskina. Dette var rein science fiction på den tida på lik linje med Star Wars og vi himla med auga over at ein i det heile kunne tenkje seg til at elevar kunne lære noko utan å ha ein lærar fysisk til stades.



I dag er ikkje dette lenger utopi sidan vi har teknikken til å gjennomføre eit slikt opplegg. Elevane treng slett ikkje å sitje i eit klasserom for å kommunisere heller. Om dei sit åleine på hybelen sin, er på syden-ferie eller er innlagt på sjukehus, kan dei kommunisere med medelevar og lærarar via ulike sosiale medium som Facebook, Nettby, MSN osv. Dei fleste skulane har og LMS som t.d. Class Fronter og It's learning som verktøy for å formidle informasjon og gi beksjedar til elevane sine og tilsette. Dette er lukka system der ein må vere deltakar for å nytte. Kva for funksjonar ein nyttar i desse systema avheng av kva skulane abonnerer på utover nokre basisfunksjonar.


I tillegg har ein mange ulike program i Web 2.0 som kan nyttast i opplæringa. Ved å opprette ein Wiki kan elevane jobbe saman frå kvar sin PC på dei same dokumenta i t.d eit gruppearbeid. For å tipse kvarandre om nyttige nettstader innanfor eit tema dei jobbar med, kan dei opprette ei Diigo-side kor dei merker visse nettstader andre i gruppa kan ha nytte av. Lærar kan gå inn og sjekke arbeidet som pågår og evt kommentere undervegs via Web 2.0. Sånn sett treng ikkje elevar og lærar å vere i same rom men likevel kommunisere med kvarandre.


Då er ein komen langt på veg til å få det klasserommet Tramteateret framstilte som eit skrekkens eksempel på 80-talet. Spørsmålet er om vi vil ha dette digitale klasserommet utan ansikt-til-ansikt kommunikasjon. I den idealistiske skuleverda kan dette vere ein bra skule der mange elevar kan få eit godt læringsutbytte. Men, eg vil påstå at røyndomen slett ikkje er slik i dag at vi kan la dette skje fullt ut.


Dei utfordringane vi står overfor når det gjeld auka bruk av digitale verktøy i dag, er å få felles fokus i klasserommet. Med berbare maskiner på alle pultar og aktive skjermar, konkurrerer vi lærarar om å få elevane si merksemd med uendelege avleiingsmanøvrar som lokkar på Internett. Største konkurrenten eg har avslørt til no, er sosiale medium med Facebook i spissen.


Når eg skal gå gjennom teori, vil eg ha augekontakt med alle elevane. Har dei PC -skjermane oppe, får eg ikkje denne kontakten. Ofte tar det og lang tid før alle har lagt ned skjermane når eg har bedt dei om det. Forklaringa er "Eg må berre...." Dette vert fort ein tidstjuv i ein allereie pressa skulekvardag i eit fag med få veketimar og omfattande læreplan.



Dette viser at elevar i vidaregåande skule pr i dag ikkje er modne nok til å styre si eiga undervisningstid. Faren for at elevane ikkje har fokus på fag og skulerelaterte tema i eit klasserom utan ein lærar til stades, er svært stor. Dessutan er læraren ein viktig rettleiar som kan vere ein der-og-då-kommentator og kommunisere både verbalt med stemmebruk og non-verbalt. Mykje viktig tilbakemelding skjer "face to face" som ein ikkje får fram med skriftleg tilbakemelding via ein skjerm.



Dermed får klasserommet til Tramteateret framleis vere ein science fiction scenario. Personleg håpar eg at dette aldri vert ein realitet. Viss det skjer, er vel definisjonen at eit menneske er eit sosialt vesen, bytta ut med ein annan definisjon.




2 kommentarer:

  1. Utviklinga skjer fort! Det er ikkje meir enn eit år sidan eg høyrde omgrepet web 2.0 fyrste gong (eller er det 2 år... ;-)) Uansett, no er uttrykket velkjent, og eg føler eg kjenner bra til innhaldet i fleire av dei elementa web 2.0 omfattar.

    Eg hugsar ikkje klippet du refererer til, men eg tenkjer dei må ha vore framsynte. Eg trur ikkje vi får ein skulekvardag utan augekontakt med elevane våre, men eg tenkjer at datamaskina med alternative kommunikasjonsformer vil bli sentral i ulike skuletilbod.

    I framtida trur eg det vil komme tilbod om nettbaserte fag i enno større grad enn ein ser i dag, som eit supplement til skulen vi har no med obligatorisk frammøte. Høgskular, universitet og private skular har i dag mange slike fag/studietilbod, og eg trur utviklinga og vil nå offentleg vgs.

    Kunnskapsløftet gir moglegheit for å ta gymnastikk som privatist. Å ta nokre fag som privatist samstundes som ein er elev ved ein vgs og tek nokre fag på tradisjonell måte trur eg vil verte vanlegare.

    Vert det elevar att då til oss som jobbar i skulebygga rundtomkring??? Ja, det trur eg, og eg trur og dei elevane som vel den tradisjonelle skulen vil få det beste opplæringstilbodet:-))))

    Med engasjerte lærarar som utviklar undervisnigsmetodane i takt med teknologi og elevmasse meiner eg ingen datamaskin kan konkurrere mot augekontakt mellom elev-lærar, elev-elev og elev-andre vaksne i skulen!

    SvarSlett
  2. Eg håpar verkeleg at du har rett! I februar 1997 starte eg på PPU utdanninga mi ved Universitetet i Tromsø. Mykje av det arbeidet vi gjorde der var nettbasert kor vi nytta Internett/e-post til å sende oppgåver og få dei vurdert, og vi nytta videokonferanse som foredrag. Då sat vi i smågrupper rundt i Troms og Finnmark og såg på førelesningar frå Tromsø. Mi gruppe sat benka rundt eit bord i eit konferanserom på Kirkenes sjukehus. Så, for allereie 13 år sidan var dette ein aktuell måte å studere på. No skal det seiast at planen var at alle universiteta skulle gi dette tilbodet innan PPU, men det var berre Tromsø som kom i gong då.

    Då gjekk kommunikasjonen og oppgåveskrivinga via e-post. I dag har vi absolutt endå fleire alternativ med LMS, blogg, google docx o.l. Her skjer det ting i rekordfart. Må berre seie eg slit litt med å henge med. Diskusjonen må verte kor offentleg vi vil at våre skriverier skal vere når det gjeld skulearbeid. Den ballen spelar eg vidare.

    SvarSlett