mandag 15. mars 2010

Blogg som skriveverktøy i undervisning

Å skrive om bruk av sosiale, digitale medium har vore ei STOR utfordring. Til no har eg sett på Facebook, MSN, Nettby o.l. som reine tidstjuvar og forstyrrande element i undervisninga. Korleis kan eg då snu mi haldning og lage undervisningsopplegg der desse media kan vere nyttige?

Viss du no hadde eit håp om at eg skulle gi deg svaret, må eg dessverre skuffe deg. Eg har ikkje kome lenger, dagen før innlevering av oppgåva. Har tidlegare fått demonstrert opplegg der lærarar har nytta Facebook  kor dei har oppretta kontoar med namn på karakterar i litterære verk. Då har elevane fått kvar sin karakter dei skal vere, og fortel historia i t.d. ein roman ved hjelp av små innlegg som karakteriserer handlingsforløpet. Ser for meg at slike opplegg vil stele mykje tid, så med eit to-timersfag må eg finne på noko anna.

Blogg er det einaste sosiale mediumet eg ser på som noko eg kan nytte i mi undervisning så langt. Blogg kan nyttast til t.d. korte skriveøvingar om eit emne, skrive lesarinnlegg, og som logg frå praskis. Då vert det enklare for medelevar å gi respons og bruke dette i prosess orientert skriving. Her er det svært viktig å kvalitetssikre det elevane skriv. Difor vil eg opprette lukka bloggar som berre kan lesast av t.d. klassen og meg som lærar. Kvifor?

Mine grunnar for å lukke elevblogg:
1) Hindre at bloggar som inneheld faglege feil ikkje vert tilgjengeleg for alle.
2) Hindre at elevar med skrivevanskar ikkje skal blottlegge sine vanskar for heile verda og dermed verne dei mot eventuelle ufine kommentarar frå kjente/ukjente.
3) Enkelte elevar vil sjå på dette som eit høve til å vere svært useriøse og legge inn upassande bilde, videoar o.l. som korkje elevane eller skulen bør verte kopla til.
4) Mange elevar slit med å la lærar lese det dei skriv, så då må dei få sleppe å publisere tekstar som kven som helst kan lese.
5) Verne om teieplikta

No vil du kanskje seie at mange er allereie der når fleire og fleire ungdomar skriv eigne bloggar, legg ut profilar på Internett, publiserer meir eller mindre gode videoar osv.

Ja, det kan dei få gjere i privat regi. Der har ikkje vi lærarar noko vi skulle ha sagt. Men eg meiner vi har plikt til å verne dei mot "blottlegging" i skulen sin regi. Om ikkje elevane kjenner sine grenser privat, må vi passe på dei når det gjeld skulearbeid. I tillegg kan dette ha påverknad for skulen sitt rykte viss alt mogleg vert lagt ut. Sjølv om vi kan sjekke kva elevane har skrive på bloggane og evt slettar det som er upassande, kan skaden allereie ha skjedd sidan elevane må trykke "Publiser innlegg" før vi kan lese dei.
Fleire av mine kollega har snakka varmt om å bruke blogg som logg når elevane er utplasserte i bedrifter. Det tykte eg og var ein god ide, men her må vi vere varsame. Med offentlege bloggar som logg vil ikkje berre elvane og skulen verte blottlagde, men og bedriftene elevane jobbar i. Elevane skriv om dei erfaringane dei gjer seg, på både godt og vondt.

Mange elevar er utplassert i institusjonar som har eit regelverk som innbefattar teieplikt. Sjølv om elevane aldri skal nemne namn på brukarar, pasientar eller kundar i loggane sine, kan det gå an å kople hendingar som vert referert i bloggane til enkeltpersonar på små plassar.

Alle desse momenta meiner eg talar for at ja, vi kan bruke logg i undervisninga, men det bør absolutt vere lukka bloggar med eit fåtal som har tilgang.

1 kommentar:

  1. Her tykkjer eg du set fingeren på noko svært viktig, nemleg det at vi må passe på at elevar med alvorlege skrivevanskar ikkje blir sett i gapestokk. I fjor var eg med og planla eit prøveprosjekt med klasse-wiki på VG1 bygg her på skulen - ei gruppe der vi nprmalt har mange skrivesvake elevar. Det var meninga at elevane sjølv skulle produsere m.a. fagrelaterte "artiklar" for alle elevane på gruppa. Noko av det vi diskuterte var kven som skulle ha tilgang til å lese wikien, nettopp med tanke på mykje av det du tek opp i innlegget ditt. Også krav til/mulegheit for anonymitet var eit diskusjonsspørsmål.

    Personleg meiner eg vi skal vere forsiktige med å provosere fram meir skrivevegring for dei elevane det gjeld. Det er rett som du skriv at nokre av desse har store nok problem med å avsløre seg for læraren. I dag er det også slik at ein kan finne svar på alt på www, og resultatet blir gjerne klipp ut/lim inn, og det er jo ikkje det vi vil!? Derfor må ein legge til rette for og akseptere andre uttrykksformer enn verbaltekst, f.eks illustrasjonar, bilete, videosnuttar m.m. Dette går kanskje betre i andre fag enn norsk, som trass alt har ein karakter i skriftleg framstillingsevne.

    SvarSlett